Stuhaug Turisme og gardsmuseum

Tunet sett nedanfrå.

Museum

Museet held ope kvar dag så sant det er folk heime. Det bør takast kontakt på tlf. 52 76 20 32 for avtale dersom de planlegg eit besøk. Museet har vore flittig brukt av skulane i Sandeid og Vikedal i samband med grunnskuleveka og elevutflukter. Museet omfattar ei gammal løe med skut til hestereiskapar, to husmannsstover av forskjellig storleik, smie, eldhus, stabbur, kvernhus, jordkjellar og langhus for ein kaffitår etter besøket. Langhuset vert og utleigt for selskap, styremøte og andre samvær. For meir informasjon og bilete frå dei forskjellige husa; sjå dei respektive sidene til høgre.


Kontaktinformasjon: Stuhaug Turisme - 5585 Sandeid - Tlf. 52761139