Stuhaug Turisme og gardsmuseum

Kvernhuset.

Kvernhus

Kvernhuset er frå 1825 og kjem opprinneleg frå Bråtveit i Suldal. Det var så å seie heilt intakt og vart flytta til Krokane i 2001 der det vart restaurert og gjort i stand, bl.a. måtte det lagast ny kvernkall. Alt inventar er intakt med kornkasse, mjølkasse, kvernsteinar og løfteordning for desse. Huset ligg ved ein liten bekk og er i så god stand at det kan brukast til å mala korn, om enn i små kvanta berre for demonstrasjon.



Kontaktinformasjon: Stuhaug Turisme - 5585 Sandeid - Tlf. 52761139