Stuhaug Turisme og gardsmuseum

Frammsida av husmannsstova.

Husmannsstova

Husmannsstova er det eldste huset som opprinneleg stod på Krokane. Det vart bygd på 1700-talet av dåtidas husmann her på garden. Husmenn har lang historie på gardane rundt i Noreg. Alle større gardar hadde husmenn og dei var plikta til å arbeide der. Dersom dei var effektive og flinke kunne dei få sitt eige stykke jord der dei kunne setje opp sitt eige hus og kanskje dyrke nokre grønsaker samt halde to-tre geiter eller sauer. Husmannsplassane gjekk i arv frå far til son, det same gjorde pliktene til hovudbruket. Dersom dei fekk råd kunne husmennene kjøpe eigedommen, dei vart då sjølvstendige og slapp å arbeide på garden for å behalde huset. Krokane vart kjøpt ut av hovudbruket i 1852 og var sjølvstendig gard fram til 1966 då det vart kjøpt tilbake av den dåverande gardbrukaren. Husmannsstova var det første huset som vart laga om til museum og var det som starta det heile. Det vart restaurert i 1979/80. Husmannsstova inneheld bruksgjenstandar som var vanlege å finne i eit bustadhus i gamle dagar; bl.a. klede, kjøkkenreiskapar, bøker og ein del andre smågjenstandar.



Kontaktinformasjon: Stuhaug Turisme - 5585 Sandeid - Tlf. 52761139