Løa vart bygd på Krokane på starten av 1900 talet og vart restaurert i 1995/96. Fjøset / svålå er intakt slik den var før, men den vart også lettare restaurert i 95/96. Tidlegare har det vore både hest, kyr, sauer og geiter her, men no er det museum for reiskapar og utstyr som høyrer til i dette miljøet; slåttereiskapar, vedhogst, mjølkespann o.l. Utanfor Fjøsen ligg utedassen som og er intakt med to hol og vekeblad på benken.