Prosjekt Grilltilhenger

Eg og ein del av kameratane mine fekk plutselig ein litt sprø ide om at me sko ta understellet frå ei gammal campingvogn og bygge grillplass oppå! Målet er å lage ein tilhengar med grill, sittegruppe, litt skap plass og kjøkkenbenken frå campingvogna.

Her er ein del skisser eg har laga i Sketchup

Utkast 1. Det aller første utkastet, kun basert på våre ville diskusjonar på feedback. Taket på teikninga skal ikkje vere slik. Det var bare den enklaste måten å teikne det på... Planen er å laga til eit teltsystem med stenger som vert sette opp når det er behov og så ein presenning som me dreg over.
Grilltilhenger.jpg (273776 byte)Grilltilhenger1.JPG (201120 byte)Grilltilhenger2.jpg (253961 byte)Grilltilhenger3.jpg (249932 byte)Grilltilhenger4.jpg (310002 byte)
Utkast 2. Litt flytting av benker og slikt. Her er ideen at man og skal kunne sitte i "forteltet" og ete. Forteltideen kan det nok hende me bruker på den endelege versjonen og.
Grilltilhenger1.1.jpg (439437 byte)Grilltilhenger1.11.jpg (502512 byte)Grilltilhenger1.12.jpg (610863 byte)
Utkast 3. Egentlig omtrent det same som ukast 2, men kjøkkenbenken er flytta litt og dei to krakkane er bytta ut med ein benk. Når det gjaldt taket er det tenkt å vere likt som på utkast 2.
Grilltilhenger1.2.jpg (215821 byte)Grilltilhenger1.21.jpg (186982 byte)Grilltilhenger1.22.jpg (200255 byte)Grilltilhenger1.23.jpg (184842 byte)
Utkast 4. Dette kan nok kallast tilnærma den endelige versjonen. Etter ein del diskusjon fram og tilbake rundt dei tidlegare utkasta konkluderte me med at dette ville vere det beste. Taket skal vere som nemnt over utkast 1.
Grilltilhenger1.31.jpg (290519 byte)Grilltilhenger1.32.jpg (282777 byte)Grilltilhenger1.33.jpg (386647 byte)Grilltilhenger1.34.jpg (317779 byte)